Fritidskonto – økonomisk støtte til fritidsaktivitetar
Postet av Florø Sportsklubb den 13. Sep 2025
I 2025 tok Kinn kommune i bruk «Fritidskonto» som løysing for å kunne gje øyremerkte midlar som kan nyttast til å betale medlemsavgift og kontingentar for ein eller fleire faste organiserte fritidsaktivitetar.
Ordninga skal bidra til at fleire barn og unge får delta i fritidsaktivitetar. Moglegheit til deltaking i fritidsaktivitetar reduserer risikoen for utanforskap, og er ei viktig arena for meistring, sosial læring og fellesskap.
Kriteria for bruk varierer frå kommune til kommune. Nokre kommunar gjev eit fast beløp i året til alle barn og unge i ein viss alder, medan andre kommunar gjev meir til enkeltbarn og unge i familiar med utfordrande økonomi.
Sjå meir om kva som gjeld i din kommune her: Spørsmål til Fritidskonto i min kommune.
Her kan du lese om økonomisk støtte til fritidsaktivitet i Kinn kommune: ØKONOMISK STØTTE
Her kan du lese meir om Fritidskonto i Kinn kommune: FRITIDSKONTO
Fritidskortet
GOD PÅSKE!
Postet av Florø Sportsklubb den 15. Apr 2025
Kjære medlemmer, frivillige og gode støttespelarar i Florø Sportsklubb
Påska er her, og det gir oss eit naturleg høve til å stoppe opp og kjenne på glede og takknemlegheit over fellesskapet vi har i klubben vår.
Handballgruppa har nett runda av ein flott sesong – godt jobba både på og utanfor bana! Samtidig sparkar fotballgruppa i gang sin sesong, og vi gler oss til å sjå aktivitet, innsats og lagånd på bana framover. Svømmegruppa har òg spennande planar, og vil i det små prøve seg på nokre stevner igjen – noko vi heiar sterkt på!
Takk for innsatsen de alle legg ned – anten de er utøvarar, foreldre, trenarar eller bidreg på andre måtar. No håper vi alle får ei god og velfortent påske med kvile, glede og kanskje litt aktivitet i frisk luft.
God påske frå oss i styret – og frå meg som leiar.
Sportsleg helsing,
Trine V. Havn
Leiar i Florø SK
Innkalling til årsmøte i Florø sportsklubb, hovedstyre, 2025
Postet av Florø Sportsklubb den 6. Mar 2025
Dato: 6. april 2025
Tid: 18:00–20:00
Stad: Klubbhuset
Sakliste:
Opning og godkjenning av innkalling
Val av møteleiar og referent
Godkjenning av sakliste
Årsmelding 2024
Rekneskap 2024
Budsjett 2025
Innkomne saker
Val
Eventuelt
Saker som medlemmar ønskjer å ta opp, må sendast til styret innan 30. mars 2025.
trinevok@gmail.com
Vel møtt!
Helsing
Styret i Florø sportsklubb